Tekno-vinnarar frå Grødem

6. klassetrinn frå Grødem skule deltok laurdag i First Lego League, ein lokal tekno-konkurranse på Vitenfabrikken på Sandnes. Det deltok 34 lag, og Grødem skule tok førstepremie i forskarklassa og andrepremie i marknadsføringsklassa.

Innhold

    First Lego League er ein teknologibasert konkurranse for unge mellom 10 og 16 år, som mellom anna skal stimulere til realfagsinteresse. Konkurransen går ut på å designe, bygge og programmere ein robot som skal løyse ulike, definerte oppgåver. I tillegg skal det arbeidast med ei teoretisk oppgåve.

    Det er eit årleg arrangement som strekk seg over 8 veker med ein lokal finale som avlutning. I Noreg har konkurransen vore arrangert sidan 2000, med opp mot 4000 deltakarar.

    Oppdraget i år var "Nature's fury". Deltakarane skulle her utforske kva som kan gjerast når intense naturkrefter påvirker stadar der folk bor, arbeider og går på skule.

    Du kan sjå meir om konkurransen på Grødem skule si heimeside: www.grodemskole.no.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?