"Sunnhetsgrenden" vant

Arkitektforslaget "Sunnhetsgrenden" blir Nye Vardheim. Dette vart kunngjort under formannskapsmøtet torsdag.

Innhold

    JuryenBak forslaget "Sunnhets-grenden" står 3RW arkitektar med NORD Architects, Danmark, og NODE Rådgivende Ingeniører, Bergen.

    Biletet over: Juryen og vinnande arkitektar, f.v. Nils Johan Mansåker, Anna Katharina Kraus, Anne-Kristin Gangenes, Anne Grødem, Sixten Rahlff, Mans Nijkamp, Johannes Pedersen og Bjørn Kahrs.

    Ifylgje juryen peikar "Sunnhetsgrenden" seg ut som det beste prosjekt i konkurransen. Kvalitetane er blant andre:

    • Anlegget har ein skala som best kommuniserer med landsbyen sin skala 
    • Prosjektet er gjeve eit inviterande uttrykk - som kan gje landsbyen eit nytt og viktig midtpunkt
    • Det er utvikla ein ledig og rodbust indre struktur, som gjev rom for gode og varierte opplevingar

    - For mange parkeringsplassar
    - Ingen av dei fem utkasta i konkurranen har løyst Nye Vardheim sine utfordringar fullt ut, men "Sunnhetsgrenden" peiker seg likevel ut som det beste forslaget, og ein samrøystes jury har difor kåra dette utkastet til konkurransen sin vinnar, konkluderer juryen. 

    Juryen meiner likevel at fylgjande må løysast i høve til det opprinnelege utkastet:

    • Det er nytta for mange parkeringsplassar, og parkeringskjellar er teikna inn for tett på eksisterande bygg D og E. Tilkomst til barnehage og omsorgssenter må også avklarast.
    • Har flytta bassenget, men det skal vere på same stad. Korleis kan ein tilpasse dette i planen?
    • Prosjektet har for få heiser.
    • Logistikk: Helsestasjonen må ut i andre byggetrinn, kan løysinga vere å flytte helsestasjonen til bygg D?
    • Manglande terrengtilpasning på baksida (mot nord).
    • Tilhøvet mellom høgder i eksisterande bygg og aktuelle krav til høgder i nybygg vil gje utfordringer.
    • Felles opphaldsrom i sjukeheimen må gjerast større.

    Tre opne "gardstun"
    Inspirasjonen bak "Sunnhetsgrenden" er den gamle vestlandsmåten å bygge grender på, der ein organiserer seg rundt tre opne "gardstun". Desse gardstuna blir omslutta av fleire bygg i tre og stein. Sjå konseptet "Sunnhetsgrenden" her.

    Det nye helse- og velferdssenteret i Randaberg får ein kostnad på meir enn 300 millionar kroner og er Randaberg si største investering nokonsinne. Senteret skal byggast over to etappar, der første trinn skal stå ferdig allereie i 2015.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?