Stri samfunnsbyggjar

Onsdag 6. mars kl. 17.30 er det bokprat med Audgunn Oltedal i Randaberg folkebibliotek.

Innhold

    Biblioteket markerer 100 års jubileet for kvinner sin stemmerett ved å invitere journalist og forfattar Audgunn Oltedal til Randaberg.

    Oltedal, som er mest kjend frå Dagsrevyen, vil fortelle om oldemor si, Sofia Ims, i eit foredrag tufta på Oltedal sitt bidrag i boka "Formødrenes stemmer: Kvinneliv rundt stemmeretten" (Oltedal/Skre (red.)), utgjeve på Pax forlag no i vinter.

    Audgunn Oltedal var den første redaktøren i SV-avisa Ny Tid, arbeidde i 25 år i NRK og har gjeve ut bøker om genteknologi og om medieetikk.
    Audgunn Oltedal er fødd på Høle i Sandnes 12. april 1945. Ho tok examen artium ved Rogaland off. landsgymnas i 1965, vart cand.mag. ved Universitetet i Bergen i 1973 og cand.philol. med hovudfag i filosofi ved Universitetet i Oslo i 1997.
    I dag underviser ho i journalistikk ved Høgskulen i Oslo og Akershus.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?