Stipend til alpinist

Den talentfulle alpinisten Jens Raustein, 16, frå Randaberg blir tildelt 10 000 kroner i kulturstipend for 2013 under ordføraren si nyttårsmottaking 1. nyårsdag.

Innhold

    Jens Raustein (Foto: Jens Ove Raustein)Jens Raustein (t.h.) er medlem i Jæren Alpinklubb, og har vore aktiv alpinist i 11 av sine 16 år. Denne hausten starta han som elev ved Hovden skigymnas. Dei siste åra har han delteke på krinsrenn for Agder & Rogaland, landsfinaler og hovudlandsfinalar. Han har tatt fleire gull, sølv og bronse i krinsmeisterskap som aktiv utøvar i aldersklassene.

    Skal samle erfaring
    Målet for denne sesongen er å få erfaring i FIS (det internasjonale skiforbundet), og å få køyre so mange renn som mogeleg. Jens har eit langsiktig mål om å kome inn på topp-5 i Norgesmeisterskapen. Han deltar i alle greinene; slalom, storslalom, super-G og utfor, og er motivert til å gjere sitt beste for å bli enno betre på ski.

    Som oppkøyring til denne sesongen har Jens Raustein blant anna delteke på ei 10-dagar-samling på ski på Folgefonna. I august deltok han på IRONman testing i Odda - ei samlinga organisert av Norges Skiforbund - saman med andre, regionale alpinistar. Her fekk han fjerde beste poengsum og bestetid på 3 000 meter.

    Kulturstipend til inspirasjon
    Jens Raustein er enno ung, og vil vonaleg halde fram med å utvikle seg som alpinist i åra framover. Randaberg kommune vonar kulturstipendet kan vere til inspirasjon for Jens Raustein i den vidare satsinga innan alpinsporten.

    Stipendet blir delt ut på ordføraren si nyttårsmottaking i Grødem kyrkje 1. januar 2014.

    Heidersteiknet
    I tillegg til kulturstipendet blir det under nyttårsmottakinga delt ut heider til personar og lag som i år har prestert på høgt nivå innan kultur- og idrettsområdet:

    • Halvor Borgstrøm, RIL svømming.
    Utøvarar frå RIL svømming var i sju finalar og tok fire medaljar i Junior NM/ UM i Asker. Randaberg vart 16. beste klubb samanlagt av over 40 klubbar. Medaljane vart tatt av Halvor Borgstrøm, som tok sølv på 200 meter bryst og 100 meter medley, og bronse på 200 meter butterfly og 400 meter medley.

    • Thor Geir Harestad, Randaberg Sjakklubb.
    Thor Geir Harestad har i 2013 representert Noreg i VM i sjakk i seniorklassa. Han deltok også i senior-EM for lag på førstebord.

    • RIL Volleyball.
    Madelen Håland, Martine Gilje og Vilde Sørbø har delteke for RIL Volleyball på Rogaland sitt regionlag, som tok gull i NM for Regionlag, aldersbestemte lag. Vilde Sørbø har i tillegg tatt gull sammen med juniorlandslaget U17 i Nordisk Meisterskap, og to bronsemedaljer i junior- NM U 17 og U 18 i Sandvolleyball. Tor Ragnar Gilje og Espen Sørbø, vart norsk meister i Veteran-NM med laget Volleyballfondet.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?