Samarbeid om kreft

Kreftforeninga har gjeve midler til ny kreftkoordinatorstilling i Randaberg kommune.

Innhold

    Eldbjørg Sande Spanne er tilsett i 50 prosent stilling som kreftkoordinator i Randaberg. Storparten av lønnsmidlane til stillinga blir dekt av Kreftforeninga. I alt har foreninga gjeve midlar til 97 kreftkoordinatorstillingar i 147 kommunar i heile landet.

    - Det var mange kommunar som søkte om midler til kreftkoordinator, men berre tre kommunar i Sør Rogaland fekk midler til ei slik stilling; Sandnes, Hå og Randaberg, seier Eldbjørg Sande Spanne.

    Kva er ein kreftkoordinator?
    Koordinatoren skal vere til hjelp for å legge til rette kvardagen for kreftsjuke og deira pårørande på ein best mogeleg måte, samordne tilbod og tenester rundt kreftpasientane i kommunen og medverke til gode rutiner og system for kreftomsorg i kommunane.

    - Det kan ofte vere vanskeleg å finne fram til der ein kan få hjelp. Koordinatoren kan hjelpe til med å henvise vidare til rett instans. Det kan blant anna handle om rettar du har som kreftsjuk, ernæring, bivirkninger og fysisk aktivitet. Har ein i tillegg barn, kan det vere vanskeleg å vite kva du skal fortelle vidare, seier Eldbjørg Sande Spanne.

    - Ei stor boble
    - Mange kreftsjuke opplever at dei er i ei stor boble, og veit verken ut eller inn. Då kan det være godt å ha nokon å snakke med. Det er ikkje alltid ein har fått med seg god nok informasjon, og ein kan bli uroleg av alt som har skjedd.

    I tillegg til å arbeide som kreftkoordinator i 50 prosent stilling, er Eldbjørg Sande Spanne tilsett som kommunal kreftsjukepleiar i halv stilling.

    - Primært arbeider eg som koordinator mandag til onsdag og annankvar torsdag, men kan nåast på telefon kvar dag. Eg skal vere tilgjengeleg for kreftpasientar i alle faser, frå nydiagnostisert til alvorleg sjuk, men eg er også open for spørsmål frå andre, seier Eldbjørg Sande Spanne.

    Det er per i dag to andre sjukepleiarar i kommunen som tar vidareutdanning i kreftsjukepleie og palliasjon (lindrande behandling).

    - I tillegg har vi fire hjelpepleiarar med vidareutdanning i palliasjon. Det er svært bra i ein sopass liten kommune som vi er, avsluttar Eldbjørg Sande Spanne.

    Det er utarbeida ei brosjyre som fortel meir om kva koordinatorstillinga inneber. Sjå den nye brosjyra her.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?