Rekrutteringspatruljer

Via eigne rekrutteringspatruljer for helse- og oppvekstfaga skal ungdom rekruttere ungdom. Onsdag vitja ein av rekrutteringspatruljene elevar frå 10. klasse i Randaberg.

Innhold

    Rekrutteringspatruljer er eit av fleire tiltak prosjektet "Bli helsefagarbeider" (helsedirektoratet) nyttar for å rekruttere ungdom til faget. Tiltaket er eit samarbeid mellom kommunar og nokre av helseforetaka i landet. Onsdag vart alle tiandeklasse-elevar i Randaberg, som har synt interesse for helse- og oppvekstfag, invitert til kommunestyresalen for ein time saman med rekrutteringspatruljen.

    32 patruljer i landet
    En rekrutteringspatrulje er samansett av unge, dyktige og engasjerte fagarbeidarar og lærlingar som vitjar elevar for å informere om utdanninga, faget og lærlingordninga. I dag er det etablert 32 patruljer, som i løpet av hausten og vinteren vitjar skular i dei fleste av fylka i landet. Med eigne ord og bilete fortel patruljene historier frå sin arbeidsplass, vegen fram til fagbrev og kva som skal til for å få etterutdanning.

    - På denne tida av året vitjar vi elevar frå 10. klasse, medan vi i januar neste år skal ut til elevar i vidaregåande skule, VGI og VGII, slik at dei får meir informasjon om dei ulike utdanningane før dei søker skuleplass i februar, seier Margrete Eintveit frå opplæringsavdelinga ved Stavanger universitetssjukehus.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?