Ny rammeavtale med Statped

Randaberg kommune har inngått ny spesialpedagogisk rammeavtale med Statped. Føremålet med avtalen er å hjelpe til at barn, unge og vaksne med særskilde behov i Randaberg får eit likeverdig, tilpassa og inkluderande opplæringstilbod.

Innhold

    Rett før sommarferien underteikna Randaberg kommune ei ny rammeavtale med Statped Vest (spesialpedagogisk støtteteneste for kommunar og fylkeskommunar). Randaberg har i fleire år samarbeida med Statped vest om kompetanseutvikling for medarbeidarar i PPT. Dette samarbeidet blir no vidareført.

    Statped arbeider ut frå opplæringslova og barnehagelova, og gjev støtte til kommunar og fylkeskommunar. Randaberg og PP-tenesta i kommunen kan som før søke Statped vest om kurs, drøfte saker og hjelpe med kompetanseheving.

    - Godt samarbeid
    - Samarbeidet med Statped vest er godt, både på individ- og systemnivå. Når vi tar kontakt med Statped vest opplever vi at dei yter oss spesialpedagogiske tenester av god kvalitet på individnivå. Det er særs viktig at kommunen har eit kompetansemiljø som kan nyttast på områder der kommunen ikkje har spisskompetanse, seier skulesjef Jenny E. Nilssen i Randaberg kommune.

    Regiondirektøren i Statped vest, Gerd Ingunn Opdal, er glad for at avtalen er komen på plass. Det gjev eit godt grunnlag for vidare samarbeid mellom Statped vest og kommunen.

    - Statped arbeider no systematisk i heile landet for at kommunane skal få rammeavtale med oss, og at tenestene skal bli tydelegare, meir synlege og vi skal bli meir føreseielege, seier Opdal.

    Samarbeid om kompetanseheving
    Statped vest gjorde i 2009 avtale med eigarane av PP-tenestene i Rogaland om eit samarbeid om kompetanseheving av tilsette i PPT. Drøftingane den gongen tok opp dei behova som ligg til grunn i fylket og omfatta blant anna tilhøve for forvaltinga, sertifiseringskurs, rolla til PP-rådgjevaren som rettleiar, arbeid med minoritetsspråklege elevar med særlege behov og matematikkvanskar.

    Skulesjef Jenny E. Nilssen sit som ein av representantane for kommunane i Rogaland i kompetansehevingsgruppa. Ho er svært nøgd med arbeidet som blir gjort i dette fora og ivrar for at PPT nyttar seg av dei kompetansehevingstiltaka som blir gjennomført, saman med Statped vest og andre kompetente aktørar på feltet.

    Les avtaleteksten her (klikk i høgre marg på «Rammeavtale for samarbeid mellom kommune/fylkeskommune og Statped (nynorsk)».

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?