Ny Harestad skule

Første byggetrinn for nye Harestad skule skal stå ferdig 6. januar 2017. Rådmannen har lagt inn 210,5 millionar kroner til det første byggetrinnet, som blant anna inneheld ny ungdomsskule og kulturscene.

Innhold

    Skulesjef Jenny Nilssen presenterte skissene for nye Harestad skule under budsjettsamlinga for administrasjonen, politikarar og tillitsvalde i denne veka.

    - Fram til i dag har vi vore mest oppteken av romplanen. Vi er difor ikkje heilt klar for korleis vi ser for oss hverken bygningane eller arkiteketuren. Arkitektane har likevel laga eit første utkast, eit skisseprosjekt for den nye Harestad skule, seier Jenny Nilssen.

    Planen er å få ut anbodet for det første byggetrinnet i 2014, slik at planen for innflytting kan starte i september 2016 og sluttførast i januar 2017. Det nye bygget skal innehalde både ungdomsskuledel og kulturscene. Sjå presentasjonen av den nye skulen her.

    Hovudframdriftsplan
    • Forprosjekt: November 2013 til april 2014
    • Detaljprosjekt: April 2014 til desember 2015
    • Byggearbeider: Januar 2015 til september 2016
    • Igangkøyring/innflytting: September 2016 til 6. januar 2017

    Økonomi
    Rådmannen har lagt inn desse summane for ny skule i økonomiplanen:
    2013: 5,0 mill kr.
    2014: 10,5 mill. kr. (I tillegg kjem tomtekostnader på 13,25 mill. kr.)
    2015: 20,0 mill.kr.
    2016: 95,0 mill.kr.
    2017: 80,0 mill.kr.
    Totalt: 210,5 mill.kr.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?