Nettverksmøte Fairtrade Rogaland

I Rogaland er det ni Fairtrade-kommunar. Tysdag var representantar frå desse kommunane samla til nettverksmøte på Randaberg.

Innhold

    - Nettverksmøta blir arrangert på omgang mellom Fairtrade-kommunane i fylket, ein eller to gongar om året. Vi brukar møta til å gjere oss betre kjent med kvarandre og dele av kvarandre sine erfaringer. Målet for nettverket er mellom anna å få fleire kommunar i fylket til å delta i Fairtrade-arbeidet, seier Kjersti Gilje Fossan frå Randaberg kommune.

    Fairtrade-kommunar i Rogaland er Sauda (som også er den første Fairtrade-kommunen i landet), Utsira, Suldal, Tysvær, Strand, Stavanger, Sandnes, Karmøy og Randaberg. Vindafjord ventar for tida på å få godkjenning som den tiande Fairtrade-kommunen i Rogaland. Rogaland fylkeskommune deltar også i nettverket.

    Deltakarane under nettverksmøtet i Randaberg var (biletet over) f.v. Monica Vagle, Randaberg, Siri M Figved, Stavanger, Bente A Fjelde, Strand, Marte Eide Klovning, Utsira, John Leiv Dahlberg, Tysvær, Laura Seltveit, Sauda (foran), Kjersti Gilje Fossan (Randaberg), Leif Birger Goa, Randaberg, Torhild Ø Tveit, Sauda, Ståle Pedersen, Karmøy, Magne Bjåstad, Randaberg, Gunn Sissel Gravdal, Rogaland fylkeskommune, Wenche Hanevoll, Suldal, Eirik W Henningsen, Randaberg, og Jarle Bø, Randaberg. Sandnes kommune er også med i nettverket, men hadde ikkje høve til å delta. Klikk her for større bilete.

    Støttespelarar
    - Det offentlege Noreg handlar for 400 milliardar kroner kvart år, vi kan difor vere med på å utvikle lokalsamfunn i den tredje verda, seier Laura Seltveit, Fairtrade-leiar i Sauda kommune i dette intervjuet (Youtube):

    Film Youtube om nettverk Fairtrade Rogaland

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?