Muslimsk gravfelt

Fredag vart delar av gravplassen på Grødem kyrkje vigsla for muslimsk gravferd.

Innhold

    Det er omlag 70 gravplassar, i felt B4 på Grødem kyrkjegard, som no er tilrettelagt for muslimsk gravferd. Ved ein enkel seremoni og forbønn fredag vart gravplassen vigsla.

    - Tradisjonelt skal beina på den døde i kista ligge i retning aust-vest, men muslimsk tradisjon skil seg frå dette ved at ansiktet til den døde skal vere vendt mot Mekka, i sør-austleg retning, seier kyrkjeverge Rune Skagestad i Randaberg kommune.

    - Grødem kyrkje skal vere tilrettelagt for ulike trussamfunn, og når Muslimsk Råd Rogaland retta ein førespurnad om å få vigsla deler av gravplassen til muslimsk gravferd, var vi sjølvsagt positiv til dette. 

    Sjå film frå seremonien:

    Sjå bilete frå seremonien:

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?