Mi(n) sak

Frå og med i dag har innbyggarane i Randaberg tilgang til ein eigen nettportal som skal gjere det lettare å kome fram med saker i kommunen som dei meiner kommunen bør ta fatt i.

Innhold

    Logo Min sakDet er Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) som har opna nettportalen for innbyggerinitiativet, slik den er omtalt i § 39a i kommuneloven.

    Nettportalen omfattar alle kommunar og fylkeskommunar i Noreg, og gjer det mogeleg for innbyggarane å fremme saker elektronisk.

    Nettadressa er www.minsak.no / www.misak.no.

    Betre lokaldemokrati
    Gjennom nettportalen kan innbyggarane foreslå saker i kommunen dei bor i og samstundes samle underskrifter til støtte for saken. Med nok underskrifter, har forslagsstillaren krav på å få saken handsama i kommunestyret i kommunen eller i fylkestinget i fylkeskommunen.

    KRD ynskjer at portalen skal medvirke til eit betre lokaldemokrati, samstundes som det skal bli lettare for innbyggarane å kome fram med saker i kommunen som dei meiner kommunen bør ta fatt i.

    Faksimile RK ForsidePå nettsida vår finn du linken til MinSide/MiSide under fana "Har du spørsmål til oss?" (sjå biletet til høgre).

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?