Lys i Harestadmyra

Innan haustmørket får overtaket vil turstien i naturparken i Harestadmyra vere lyssatt.

Innhold

    Kart Harestadmyra lyssetting

    Gravearbeidet på det nye lysanlegget i naturparken i Harestadmyra har allereie starta.

    I alt skal det settast opp 35 lysmaster, og  bygginga vil i hovdusak skje i sommar.

    - Heile turstien skal lyssettast, frå eksisterande mast bak Randaberghallen og i heile rundløypa, inklusiv øyane ved tjerna. Det er snakk om godt og vel ein kilometer sti som skal lyssettast, seier Jostein Vårlid, avdelingsleiar i Teknisk drift i Randaberg kommune. Sjå kart over området  her.

    Deler av turstien vil i periodar vere stengt, men ein freister å halde mest mogeleg ope.

    - Når vi grev på den eine sida av tjernet, vil stien på den andre sida vere open, slik at vi i størst mogeleg grad har gjennomgang frå sentrum til Torvmyrvegen.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?