Livsgledeveke i Randaberg

I heile neste veke er det Livsgledeveke og Eldrefestival i Randaberg. Livsgledeveka blir arrangert for femte gong.

Innhold

    Styret i Livsgledeveka 2013I ei heil veke er det mogeleg å delta på spanande og uforgløymelege opplevingar.

    - Arrangementet har fokus på aktivitetar som gir livsglede. Målet vårt er å glede alle aldersgrupper. Dette gjer vi ved at alle kan delta, uansett helsetilstand og alder, seier styret i Livsglede for eldre i Randaberg (biletet over); f.v. Elsa Vistnes, Linn Egaas Røen, Rigmor Wåge Kristiansen, Klara Enoksen, Rolf Aarre, Jarmund Harestad og Gudrun Haugvaldstad.

    Program (utdrag) Heile programmet kan du lese her: 

    • Mandag 16. september
      - Velkomen til Livsgledeveka 2013. Forsamlingshuset, peisestova, kl. 14. Offisiell opning v/ordførar Bjørn Kahrs. Kåseri «Ud å lofta vede» av tidlegare leiar i Stavanger Turistforening, Kjell Helle Olsen. Musikalsk innslag v/Randaberg kulturskule.
    • Tysdag 17. september
      - Byvandring i Gamle Stavanger kl. 10.30 v/lokalhistorikar Gunnar Skadberg.
      - Treningstime med Gladtrimmen i Randaberghallen kl. 14.30.
      - Forfattaren og lyrikaren Gunnar Roalkvam i Randaberghallen kl. 16.
    • Onsdag 18. september
      - Bedriftsbesøk til IVAR i Mekjarvik kl. 10.
      - Bokprat på biblioteket kl. 16.30.
      - Livsgledekonsert i Randaberg kyrkje kl. 18. Solistar og kor: Aina Økland Schøld, Elfrid Vistnes Mæstad, Hilde Svela, Målfrid Bjaastad, Ingfrid Straumstøyl Råheim. Kapellmeister: Arild Schøld.
    • Torsdag 19. september
      - Dagstur med buss og båt til Sirdal og Lysebotn. Eigen buss frå Vistnesgården kl. 9.
    • Fredag 20. september
      - Syng med oss på Vardheim kl. 10.30. Nyvoll barnehage opnar dagen. Kl. 11: Hans Petter Hansen og Lauritz Engelsvold underheld med kjende og kjære songar. Kl. 14: Foredrag: Korleis oppdage og forebygge hjartesjukdom hjå kvinner? Foredrag av Liv Tjelta, verksemdsleiar ved Sola sjukeheim.
      - Busstur i Randaberg kl. 14. Lokalhistorikar og forfattar Svein Magne Olsen tar deltakarane med på ein historisk time i Randaberg.
    • Laurdag 21. september
      Festmiddag kl. 15 på Tungenes fyr.
    • Søndag 22. september
      Livsgledegudsteneste i Randaberg kyrkje, kl. 11.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?