Kulde gir gjødsel-nekt

Langvarig kulde og metertjukk tele i jorda har gjeve gjødsel-nekt for bøndene på Jæren.

Innhold

    Gjødselvareforskrifta er klar på at husdyrgjødsel ikkje kan spreiast på snødekt eller frosen mark – same kva kalenderen viser - og det er kommunane som kan gi dispensasjon frå forskrifta.

    Regelverket gir rom dispensasjon for spreiing før jorda kan kallast frostfri, men landbrukskontora på Jæren er no blitt samde om at slik dispensasjon ikkje kan gjevast før tidlegast etter påske, frå og med 2. april.

    Ingen kan difor spreie gjødsel før kommunen har gjeve eit positivt vedtak. Spreiing av husdyrgjødsel på frosen mark utan slik dispensasjon, vil føre til avkorting i produksjonstilskot og vil også bli vurdert meldt til politiet.

    Les heile brevet frå landbrukskontora her.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?