Krigshistorisk vandring

Jærmuseet inviterar til den årlege krigshistoriske vandringa på Tungenes fyr, søndag 7. april kl. 13.30.

Innhold

    Like før jul i fjor gav turleiar Svein Magne Olsen ut andre band av bokserien om Randaberg under andre verdskrigen. Den nye boka gir ei nærare skildring av korleis den tyske okkupasjonen råka bygdefolket og skapte både samhald og splitting.

    Det lokale ordskiftet etter bokutgjevinga viser at krigen framleis vekker sterke kjensler i Randaberg.

    Turen byjrar med føredrag i uthuset på fyret.

    Velkomen!

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?