Klart for landsbyfestival

Torsdag 2. mai brakar det laust med landsbyfest i Randaberg.

Innhold

    Landsbyfestivalen i Randaberg startar torsdag 2. mai med utplanting på torget (kl. 12) og Landsbyfest på torget kl. 18. Deretter går det slag i slag.

    Under Landsbyfesten torsdag kveld deltar lokale artister som Glenn Lyse, Aina Økland Schøld m/strykarar frå SSO, Randaberg skulemusikkorps, Thomas Tvedt og Randaberg Kulturskule. Konferansierer er Uppstad & Waade. Det er gratis inngang til festen på torget.


    Laurdag er det landsbyritt med start og målgang i Randaberg Arena og søndag er det sykkeltur for heile familien i landsbyen.

    I tillegg skjer det mykje anna kjekt i sentrum i samband med festivalen, både fredag og laurdag. Laurdag er det gratis landsbyfrokost i telt på torget, før handelsforeninga seinare på dagen steller i stand stor sykkelfest i sentrum med konkurranser og flotte premier. Laurdag blir det også feira at Randaberg kommune har fylt 90 år, og at det er hundre år sidan norske kvinner fekk full stemmerett på lik linje med menn. Markeringa av begge desse jubilea skjer i Landsbyhuset. 

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?