Handlingsplan for uteområder

Hyppigare kontroll på leikeplassar og nærmiljøanlegg er noko av det rådmannen legg opp til i den nye handlingplanen for uteområder.

Innhold

    I budsjettvedtaket for 2013 bad politikarane om at det blir utarbeida statusrapport og handlingsplan for uteområda i barnehagar og nærmiljøanlegg. I det komande møtet i hovedutval for nærmiljø og kultur blir handlingsplanen for uteområda lagt fram.

    Sju barnehagar
    Randaberg har sju kommunale barnehagar. Grødem, Fjellheim og Sentrum barnehage vart bygd på 80-talet, medan Solbakken, Sande, Viste og Vistestølen er etablert etter 2005. I tillegg har kommunen fleire nærmiljøanlegg, ballbaner og ein skatepark.

    Dei siste åra er det satt av 300 000 kroner årleg til investeringar i barnehagane sitt uteområde, i tillegg til midler satt av over driftsbudsjettet (utskifting av sand, reparasjonar og utskifting av delar av leikeplassutstyret). Nærmiljøanlegga blir vedlikehalde over det ordinære driftsbudsjettet.

    Hyppigare kontrollar
    I dag blir det gjennomført årlege kontrollar av leikeplassutstyret i barnehagane. Styrarane ynskjer likevel hyppigare, kvartalsvise kontrollar.

    - Det er mogeleg å få til kvartalsvis sjekk av uteområda i barnehagane. Samstundes er det behov for ein systematisk tilstandskontroll av nærmiljøanlegga. Vi ynskjer difor at det i tillegg blir gjennomført årleg synfaring av desse anlegga, skriv rådmannen i saksutgreiinga. Les heile saken her.

    WebTV
    Møtet i hovedutvalet er tysdag 29. oktober kl. 18 i kommunestyresalen. Du kan enten ta turen innom, eller sjå sendinga direkte på WebTV. Alle sakene i HNK-møtet finn du her

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?