Godt oppmøte på valdagen

- Det har vore eit godt oppmøte til stortingsvalet so langt, seier Tone M Haugen, valansvarleg i Randaberg kommune. - Især var det god deltaking den første valdagen søndag, med 1 300 innom dørene i Randaberghallen.

Innhold

    I tillegg til dei omlag 1300 som valgte søndag som sin valdag i Randaberg, har 1500 røysteføre delteke i førehandsrøystinga.

    - Vi vonar absolutt å slå valdeltakinga frå det siste stortingsvalet for fire år sidan, då valdeltakinga var på 76 prosent. I Randaberg er det totalt 7 023 personar som har røysterett, opplyser Tone M Haugen.

    Sjå stemningsrapport frå valdagen mandag:

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?