Fyrfargar i februar

"Fyrfargar i februar" er namnet på kunstnaren Annlaug Auestad si nye utstilling, som har opning søndag 7. april kl. 13 på Tungenes fyr.

Innhold

    I kafèbygget på Tungenes viser illustratør og biletkunstnar Annlaug Auestad fram nye maleri, inspirert av lyset og landskapet rundt fyret. Utstillinga vil vere open fram til 25. juni.

    Storslagent og innbydande
    - Naturen og fargane, lyset, vinden og det åpne landskapet er storslagent og innbydande! Desse omgjevnadene er essensielle for korleis prosjektet etter kvart fann si form. Teknikken er akrylmaling på lerret. Uttrykket er abstrakt med rette fargefelt vevd saman i ulike nyansar av grått, blått, turkis og ispedd enkelte oransje striper. Flatene er nesten som papir og med ein taktil struktur. Det er ikkje horisontar, det er ikkje himmel, det er ikkje hav. Det er fyrfargar. I februar, er Annlaug Auestad sine eigne ord om utstillinga.

    Annlaug Auestad (1965) bur på Randaberg og er bachelor i illustrasjon/grafisk design ved kunsthøgskolen i Bergen. Ho har sidan 2000 jobba som illustratør og i hovudsak med barnebøker.

    Åpningstider Tungenes fyr:
    7. april – 16. juni: Kvar søndag kl. 12 – 16.
    16. - 25. juni: Kvar dag kl. 12 – 16.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?