Fin rusketur

Omlag 30 deltok i rusketuren til Børaunen søndag.

Innhold

    Rusketuren starta ved Sandestranda kl. 13. I ruinane ytterst på neset var det bål til å varme seg på, og det vart servert varm suppe og drikke. Ute på neset fortalde Halldis Jaatun frå historielaget om litt frå historien til staden; om rullesteinsvollen (ein av dei største av sitt slag i Nord-Europa), sildesalteriet (frå 1825 og fram til 1870 vart det drive sildesalteri på neset) og utmarksteigane (gardane på Ytre Bø hadde fellesbeite her, og etter utskiftinga frå 1838 vart steingardene reiste for å skilje bruka). Rusketuren vart arrangert av Randaberg Bondelag i samarbeid med Randaberg kommune.

    Film frå rusketuren.   

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?