Deltar på Grüne Woche

Ein delegasjon på 17 personer frå Rogaland og Randaberg deltar denne helga på matmessa Grüne Woche i Berlin.

Innhold

    Grüne Woche er ein sentral møteplass og eit internasjonalt samlingspunkt for mat og kultur i Europa. Messa blir i år arrangert for 78. gang. Meir enn 450 000 personar vil vitje dei 26 messehallane - tilsvarande 25 fotballbaner - under utstillingsdagane i Berlin.

    Blant deltakarane er Helge Todnem, leiar i Randaberg Bondelag, Anne Grethe Bø Cazon, avdelingsleiar landbruk i Randaberg kommune, og Anne Berit Berge Ims, kommunikasjon- og næringssjef i Randaberg kommune.

    - Randaberg kommune har ikkje tidlegare delteke på denne messa. Landbruk er ei viktig næring i Randaberg, det er difor viktig å bygge nettverk og å dele erfaringar med andre, seier Anne Berit Berge Ims.

    Saman med dei tre Randaberg-representantane deltar det også representantar frå Brynebyen, matnettverka Rymat og Matfatet Jæren, lokale matprodusentar, næringssjefen i Time kommune og representantar for reiselivsbedrifter i Rogaland.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?