Åpningsfest for Landsbyhuset

Det var haustfest på torget fredag då ordførar Bjørn Kahrs åpna det nye Landsbyhuset i Randaberg sentrum.

Innhold

    I samband med åpninga av Landsbyhuset 59°N, er det lagt opp til fest over to heile dagar. Både fredag og laurdag vil det skje mykje spanande i og rundt Landsbyhuset på torget i sentrum. Under den offisiell åpningsseremonien på torget deltok barn frå alle barnehagane i Randaberg og kulturskulen sitt lærarorkester. I tillegg hadde eit stort publikum møtt fram på torget i fineveret.

    Video frå åpningsfesten (Youtube):

    Fredag kveld er det også åpningsfest for det nye ungdomstilbodet i sentrum, U59, frå kl. 19 til 23. Her er det DJ, konsert, kiosk og hangout.

    Laurdag er det program frå kl. 10. Det startar med song og musikk på torget, deretter åpent landsbyhus med internasjonal mat, kåseri, konsertar på kulturskulen, fortellarstund og bokslange på biblioteket. Laurdag kveld kl 18 til 22 er det spelekveld med konkurransane Fifa 14, Just dance 3 og Blur for elevar frå tredje klasse. Sjå heile programmet her.

    Bilete frå opninga på torget (Flickr):

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?