Fiskesprell
Innhold
- Vi ser at dei som spis minst fisk i Noreg, er dei aller yngste, noko som ikkje er særleg gunstig i høve til helsa, seier Reidun Høines, ernæringskonsulent og leiar for Fiskesprell-kursa for barnehagetilsette i Randaberg.
Målet med alle aktivitetane i Fiskesprell er å inspirere, motivere og stimulere til auka sjømatkonsum blant barn og unge. Les meir om Fiskesprell her.
Gjennom Fiskesprell får tilsette i barnehagar og skular tips og råd om korleis sjømat blir laga og presentert med ungdommeleg vri. Appellerande materiell skal freiste borna og ungdommen til både å kokkelere sjølv og ha lyst til å smake på resultatet.
Fiskesprell er et samarbeid mellom Helse- og omsorgsdepartementet, Fiskeri- og kystdepartementet og Norges sjømatråd.
Fant du det du lette etter?
Hva forsøkte du å finne?
