Filmsprell
Innhold
Tidlegare i år inviterte Fiskesprell (Norges Sjømatråd) ungdomsskuleklasser frå heile landet til filmkonkurranse om matglede med norsk sjømat. Elever frå klasse 9C ved Harestad skule deltok i konkurransen Filmsprell med Fiskesprell med sin eigen film, om sjømaten sin veg frå hav til fat, og mottok førsteprisen på kr. 10 000 for denne filmen. Sjå vinnarfilmen her: https://www.youtube.com/watch?v=1MLe0igkHtk.
Fredag var det festivitas for elevar og lærarar i klasse 9C. I tillegg til pengepremie, fekk film-elevane delta i eit sushikurs, under leiing av Fiskesprell sin kurshaldar Reidun Høines og sushikokk Tor Paul Haaland. Etterpå var det servering av smaksprøver frå sushikurset, visning av vinnarfilmen og overrekking av gåvesjekk og diplom til vinnarane ved Grete Lind, folkehelsekoordinator i Randaberg kommune.
Sjå bilete frå Filmsprell-utdelinga her:
Fant du det du lette etter?
Hva forsøkte du å finne?
