Trygve Gjæver Pedersen 100 år

Trygve Gjæver Pedersen fylte 100 år 2. oktober 2011. Dagen vart feira på Randaberg forsamlingshus.

Innhold

    Trygve Gjæver Pedersen vart fødd 2. oktober 1911 på Veines i Berlevåg kommune. Han var ein av 11 søsken. I 1957 vart han gift med Judith, f. Nybø, frå Randaberg og saman har dei fått tre barn og fem barnebarn.

    Trygve Gjæver Pedersen er æresmedlem i Berlevåg Hornmusikk, for sin innsats der frå 1918 til 1980. I 1982 vart han tildelt Norges Friidretssforbund sitt erkjennelsebevis for fortenestefullt virke for norsk friidrett, i 1986 vart han tildelt Finnmark Idrettskrets sitt heidersteikn for administrativ innsats, i 1992 vart han æredsmedlem i Berlevåg Turn & Idrettsforening og i 1994 vart han tildelt kulturprisen i Berlevåg kommune for lang og solid innsats til beste for idrettsungsom i kommunen.

    Trygve og kona Judith flytta til Randaberg i 1996. Trygve har vore aktiv med gå- og joggeturar heilt til han var 98 år gammal.

    Feiringa av 100-års jubilanten var lagt til Randaberg forsamlingshus. Ordførar Tone Tvedt Nybø deltok saman med 50 andre frå famlie og slekt.

    Randaberg kommune gratulerer Trygve Gjæver Pedersen med 100 års dagen.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?