Sommeropning med ny utstilling

I solskinet søndag opna Tungenes fyr sommarsesongen med ny utstilling.

Innhold

    Den nye utstillinga på fyret har namnet "Frå varde til VTS". Gjennom tekst, bilete og aktivitetar viser utstillinga korleis sjøvegen har blitt sikra frå mellomalderen og fram til i dag. Utstillinga skal henge oppe i eit års tid. I sommar vil den vere open kvar dag frå kl. 12 til 16 i kafèbygget på fyret.

    Regiondirektør John Erik Hagen i Kystverket Vest opna utstillinga søndag. I tillegg var det informasjon om utstillinga ved avdelingsleiar Eirik Gurandsrud frå Tungenes fyr/Jærmuseet, helsing frå ordførar Tone Tvedt Nybø og kulturelt innslag med forfattar Bjørn Arild Ersland og trekkspelvirituos Johan Egdetveit. Saman fortalte, visualiserte og musiserte desse to frå barneboka "Kjell Otto og fyret", skriven av Bjørn Arild Ersland.

    Sjå bilete frå den flotte sommar-søndagen på Tungenes fyr her:

    WordPress plugin

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?