Slow Boats på fyret

Kunstutstillinga Slow Boats av Anna Berthelsen opnar på Tungenes fyr 1. juli.

Innhold

    Offisiell opning av utstillinga skjer fredag 1. juli kl.14 ved kultursjef Anders Jaarvik.

    Kunstnaren Anna Berthelsen, f. 1965, har skapt ein litografiserie med 24 ulike barkebåtmotiv inspirert av ein installasjon ho stilte ut under The Tall Ships Races i Kristiansand i 2010. Denne serien ynskjer ho å vise på Tungenes fyr, saman med andre original verk ho har skapt med inspirasjon frå Himmel&Hav.

    Anna Berthelsen er utdanna tekstildesignar på Høgskulen i Borås og Grays School of Art i Abedeen. Ho har motteke ei rekke designpriser frå Norsk Designråd og Norsk Form. Berthelsen er medlem av Norske Biletkunstnarar, og er representert på Victoria & Albert Museum.

    I dei siste seks åra har Berthelsen hatt ti separatutstillinger på blant anna Lindesnes Fyrmuseum, Hillestad Galleri og under The Tall Ships Races, samt ei rekke gruppeutstillingar.

    Anna Berthelsen er opprinneleg frå Helsingborg i Sverige, men har dei siste 20 åra bodd i Kristiansand.

    Les meir om kunstnaren her: www.annaberthelsen.com
    Les meir om utstillinga her: Artikkel Fedrelandsvennen.
    Plakat frå utstillinga Slow Boats:

    WordPress plugin

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?