Prinsessebryllaup på sjukeheimen

Prins William og Catherine vart ikkje berre hylla av folket utanfor Westminster Abbey i London fredag. Både bebuarar og tilsette på sjukeheimen i Randaberg feira det konglege bryllaupet. Med diadem på hovudet, champagne i glasa og bryllupskake på fatet, vart det ei retteleg staseleg feiring framføre TV-skjermen på fellesstova. Njål Sjøthun, snart 90 år, var einaste prinsen i selskapet, noko han tykte var heilt greit. Takk til Njål og prinsessene Gunhild Stokdal, Klara Hansen, Sigrid Pedersen, Gudrun Bø, Kari Hansand og dei tilsette; Gry Sissel Eike og Liane Bahmann-Kava (brud). Biletserien under er henta frå feiringa på Vardheim. Trykk "Slideshow" for å sjå biletserien.

Innhold

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?