På tur med Lars Monsen

Bjarte Bø-Sande, fagkonsulent IKT i Randaberg kommune, er ein av 11 som deltar i NRK-serien "Ingen grenser", med eventyraren og forfattaren Lars Monsen som ekspedisjonsleiar.

Innhold

    Sesong nummer to av serien "Ingen grenser" blir for tida spela inn i Femundmarka i Hedmark. Bjarte Bø-Sande vart plukka ut til å delta blant nærare 1000 søkarar med ulike fysiske funksjonsnedsettingar.

    Utan noko ekspedisjonserfaring skal deltakarane, med Lars Monsen som ekspedisjonsleiar, brøyte seg gjennom 400 kilometer med villmark i løpet av 30 dager. Den planlagde ruta startar i Femundmarka og går både på land og i vatn.

    Bjarte Bø-Sande er ein av to deltakarar i ekspedisjonen i år som er døv, i tillegg til at han nesten er blind, noko som stiller store krav til kommunikasjonen.

    Til Stavanger Aftenblad seier Bjarte at han er med for å "slanke meg, fiske og få meg dame".

    Serien som no blir spelt inn skal sendast på NRK i 2012.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?