Ordførar ambassadør for alarmtelefon

Ordførar Tone Tvedt Nybø er blitt ambassadør for alarmtelefonen for barn og unge.

Innhold

    Alarmtelefonen for barn og unge - telefonnummer 116 111 - er ein gratis naudtelefon for barn og unge som opplever vald, overgrep og omsorgssvikt. Vaksne som er uroa for barn og unge som lever under slike vilkår kan også ringe.

    Ordførar Tone Tvedt Nybø, saman med andre ordførarar i landet, har tatt på seg å vere ambassadør for alarmtelefonen, og omtale telefonen for barn og unge der det er naturleg.

    Naudtelefonen er open når barneverntenestene sine kontor er stengt. I vekedagar er den open frå kl. 15:00 om ettermiddagane til kl. 08:00 neste morgon. I helgene er den open heile døgeret. Du finn meir informasjon om Alarmtelefonen for barn og unge på www.116111.no

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?