Landsbykonferanse i Randaberg

Fredag 16. september blir Landsbykonferansen arrangert for første gong i Randaberg.

Innhold

    Landsbykonferansen 2011 ynskjer å vere ein viktig formidlar for fokuset på helse i høve til mat, ernæring, fysisk aktivitet og trivsel. Initiativtakarane bak Landsbykonferansen ser for seg at konferansen vil bidra til å auke interessa for betre helse, kva konsekvenser god helse får for den enkelte, næringslivet og det offentlege.

    Dei som står bak konferansen er Randaberg kommune, Randaberg Group, Einar Mikal Hanasand, Raft-klinikken, Landsbyrittet og IPax. Med seg har dei Sparebanken 1 – SR-bank, Rogaland fylkeskommune, Greater Stavanger, Scan One, fylkesmannen i Rogaland, Innovasjon Norge, Rogaland fylkeskommune, Måltidets Hus og Region Stavanger.

    Kjendiser, ekspertar og ildsjeler
    Til konferansen fredag 16. september, kl. 9 - 15, kjem Alex Rosén – denne gong som konferansier. I tillegg kan du blant annet sjå, høyre og møte; 

    • Vidar Bøe – Ildsjel som vann Heidersprisen 2009 på Idrettsgallaen (NRK) for arbeid i Østmarka IL.
    • Birger Svihus – Kosthaldsråd – merkevare for smarte selgarar eller nyttig informasjon til publikum? Svihus er professor ved Universitetet for miljø- og biovitskap.
    • Sofie Hexeberg – Bli frisk med lavkarbo, påstår Sofie Hexeberg. Hexeberg er lege og kostholdsekspert. Ho driv Dr. Hexebergs klinikk og er ein av grunnleggarane av "Kostreform ved overvekt og sukkersykdommer".
    • Kirsti Bjerkan – ”Hopp og sprett og fem om dagen”. Klinisk ernæringsfysiolog og har eige foretak: ”Hopp og sprett”.
    • Åge Hareide – Få hovudet på rett plass for å prestere. Trener for Viking Fotballklubb.
    • Lise von Krogh – Eit sunt kvardagskosthald som alle kan fylgje. Ernæringsfysiolog frå Universitet i Bergen. Rådgjevar og foredragshaldar, høgskulelektor i ernæringsfag ved Atlantis Medisinske Høgskole og ernæringsfysiolog for bramat.no.

    Fredag kveld blir det heile runda av med Landsbydebatten, der vi åpner for drøfting og friske meiningsutvekslinger, leia av Alex Rosén.

     Les meir på heimesida til konferansen her.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?