Biletkåseri med Oddgeir Bruaset

Laurdag 29. oktober kjem Oddgeir Bruaset til Randaberg folkebibliotek med biletkåseriet "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu – i Rogaland”.

Innhold

    Biletkåseriet startar kl 17.

    Oddgeir Bruaset er kjent for å ha laga ei rekkje fjernsynsprogram for NRK, ikkje minst med serien ”Der ingen skulle tru at nokon kunne bu”. I tillegg har han gitt ut omlag 20 bøker, og er ein mykje nytta kåsør og foredragshaldar.

    I Rogaland er det også fleire stader der ingen skulle tru at nokon kunne bu, sjølv om dei fleste for lenge sidan er fråflytta. Men historiene om desse menneska finst, og det er spanande og dramatiske historier.

    Dei siste par åra har Bruaset arbeidd med ei bok om slike stadar og menneske i Rogaland. Det er med bakgrunn i denne boka Bruaset vitjar Rogaland med eit nytt biletkåseri. Det handlar om Rogalendingar som har levd eit ufatteleg liv, målt med vår tids auge, eit liv i slit og eit liv i fare, men òg eit liv rikt på utrulege hendingar.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?