Kva kan bønder i Rogaland søke Innovasjon Norge om i 2022?
Dag: Onsdag 1. desember 2021
Tid: Kl. 09.30-11.30
Stad: Teams
Pris: Gratis deltaking
Målgruppe: Bønder, kommunal landbruksforvaltning, næringssjefar, næringshagar og andre interesserte
Landbrukspartnarskapet i Rogaland varslar ekstra fokus på mjølkefjøs for inntil 30 kyr med basis i eiga kvote og eige grovfôrgrunnlag ved tildeling av investeringsmidlar i landbruket. Andre grupper med prioritet er nye grøntprodusentar med marknadsadgang og klima- og miljøtiltak.
Webinaret vil gi informasjon om føringar frå ny regjering, status, prioritering og sakshandsaming. Vi vil også få innslag frå ein ung bonde som har investert i nytt mjølkefjøs
Program:
- Føringar frå ny regjering, status i næringa og prioriteringar for 2022 - Anfinn Rosnes, Statsforvaltaren i Rogaland.
- Kva har finansiering frå Innovasjon Norge betydd for meg som ung mjølkebonde frå Finnøy? Erik Bleie.
- Kva er viktig å få med i søknaden og korleis blir sakene vurdert i forhold til dei nye prioriteringane for 2022 - Olav Tegle og Aart Magnussen, Innovasjon Norge, Rogaland.
- Spørsmål/dialog.
Påmelding seinast 25.november. Bruk påmeldingsskjema. Du vil få tilsendt ei lenke til arrangementet dagen før webinaret. Sjekk i søppelposten din om du ikkje finn den med det same.
Meir informasjon: E-post kari.sand@strand.kommune.no, tlf. 95 03 11 90.
Arrangør er Statsforvaltaren i Rogaland, Innovasjon Norge og Rogaland fylkeskommune.
Fant du det du lette etter?
Hva forsøkte du å finne?