Mottaksbarnehage i sommar

Av: Borghild Gudmestad
Publisert: 23.06.2022
Kvar onsdag klokka 11-13.00 i sommar kan barn i barnehagealder med flyktningbakgrunn koma til den kommunale mottaksbarnehagen i lokale i Solbakken barnehage.

Anne Grethe Tolo Vistnes er pedagogisk leiar i barnehagen og tar imot barn og foreldre som kjem til barnehagen.  

— Barnehagen blir  bemanna opp og ned etter behovVed at foreldra får vera saman med barna i ein mottaksbarnehage får dei sjå korleis ein barnehagekvardag fungerer. Det kan vera med å gje dei tryggleik når barna skal starta i ein “vanleg” barnehage etter kvart,  fortel Anne Grethe. 

— Barna kan ha med seg foreldre, slik at dei kan bygga relasjonar med andre foreldre. Nokre gonger er det seks barn her, andre dagar eit barn. Det varierer, fortel Anne Grethe medan ho leikar med eit av barna som er innom i dag.  

Barnehagen blei etablert i vår og skal i fyrste omgang vera open kvar onsdag to timar gjennom sommaren. I haust vil det koma ny informasjon om kva som skjer vidare med mottaksbarnehagen som blei oppretta i samband med flyktningkrisa i år. Lokale blir lånt av Solbakken barnehagen. Solbakken barnehage har open barnehage, men denne er stengt i sommar. 

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

Hva forsøkte du å finne?