Søndag er du velkomen til ny ryddedag langs stranda frå Viste til Vistnes. Biletet er henta frå fjorårets ryddedag, der prosjektleiar Arve Jaatun i Jæren friluftsråd (kanskje) har funne hatten til Trollmannen fra Oz. (Foto: Reidun Irene Bjordal).

Strandrydding og open dag på Vistnestunet

Av: Kommunikasjon
Publisert: 01.06.2023
Velkomen til strandryddedag ved Vistnestunet søndag 4. juni kl. 12-16.

— Vi gjentar fjorårets fine strandryddedag. Saman får vi rydda langs strendene og i området rundt oss, opplyser Reidun Irene Bordal, kulturkonsulent og formidlar ved Vistnestunet museumsgard.  

Årets strandryddedag er eit samarbeid mellom Vistnestunet museumsgard, Jæren friluftsråd, Randaberg hagelag og Terapiponni. 

Jæren friluftsråd stiller med hansker og søppelposar, og hjelper til med å køyre bort søppelet.

Og kanskje kan noko av det du finn brukast igjen, som blomsterpotte eller noko anna dekorativt? 

Ved Vistnestunet står Randaberg hagelag klar til å gje søppelplukkarane inspirasjon til å lage noko spanande av det som blir plukka langs strandkanten. 

Kart over ryddeområdet: I år er ryddeområdet utvida til også å gjelde skogen ved dagsturhytta og gapahuken.

Turlag og ponniridning

I år som i fjor stiller Randaberg turlag (Stavanger turistforening) opp. Dei poppar popkorn på bålpanne like nedanfor tunet. 

Nytt i år er besøk frå Terapiponni. 

— Terapiponni stiller med fleire hestar og folk. Dei gler seg til å få vise seg fram. Dei har med vogner, så det er mogeleg å få seg ein tur, seier Reidun Irene Bjordal.

Du kan lese meir om Terapiponni her (Facebook).

Biletet: Terapiponni kjem til Vistnestunet søndag. (Foto: Terapiponni).

Bytt søppel mot lapp!

Kafeen er åpen med mykje godt.

— Har du med deg ein pose med søppel frå strandryddinga, og leverer ved kafeen, får du bytta den mot lappe, eventuelt eit glutenfritt alternativ, kaffe og saft, seier Reidun Irene Bjordal, som ynskjer alle velkomen til strandryddedag.

Du kan lese meir om arrangementet på Vistnestunet si Facebook-side

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

Hva forsøkte du å finne?