Det kan vere svært triveleg på ein aldersvennleg benk, meiner frå venstre ordførar Jarle Bø, fylkeseldrerådet sin leiar Ranveig Bærheim, og statssekretær Ellen Rønning-Arnesen i Helse- og omsorgsdepartementet.

Aldersvennleg benk avduka i Randaberg

Av: Kommunikasjon
Publisert: 16.05.2023
Tysdag 16. mai vart den første offisielle aldersvennlege benken i Rogaland (og Noreg) avduka i Varen kulturscene.

"Rogalandbenken", som den også heiter, er eit resultat av eit aldersvennleg samarbeid mellom alle kommunane i Rogaland og Aldersvennlig nettverk Rogaland. 

Avdukinga av benken skjedde under KS-konferansen om eit aldersvennlig samfunn. Det ærefulle oppdraget å knyte opp snora og ta av dekkenet vart gjeve til statssekretær Ellen Rønning-Arnesen frå Helse- og omsorgsdepartementet, ordførar Jarle Bø, og Rannveig Bærheim, leiar i Fylkeseldrerådet i Rogaland.

Kva er ein aldersvennleg benk?
Nokre av dei viktigaste kriteria som gjer benken aldersvennleg er:

  • Setet skal vere minimum 45 centimeter over bakken
  • Det skal vere armlener
  • Det skal vere god ryggstøtte
  • Setet skal ikkje vere hellande

Ti benkar skal plasserast ut i Harestadmyra
— I løpet av mai og juni skal kommunen plassere ut ti aldersvennlege benkar i naturparken i Harestadmyra. Benkane som blir satt ut er gråe i fargen, men er bygd etter same lest som den gule som vart avduka på scena, opplyser folkehelsekoordinator Anne Grødem.

Ein samtalebenk
Fleire kommunar i fylket er i gang med å få plassert ut tilsvarande benkar. Målet er å sette ut fleire slike benkar i kommunane i Rogaland - og i landet. 

— Ein slik benk kan gjere det lettare for dei eldre å kome ut på tur. Dei som bruker benken skal samstundes vite at det ikkje er so veldig langt til neste benk. Og vonaleg treff dei nokon som dei kan vere saman med og slå av ein prat med på denne benken, sa ordførar Jarle Bø under avdukinga.

Eit aldersvennleg samfunn
Tema for konferansen i Varen kulturscene 16. mai var: Korleis kan ein utvikle aldersvennlege lokalsamfunn for å møte dei demografiske endringane vi står overfor?

Konferansen delte erfaringar frå Manchester og kommunar i Rogaland på korleis innbyggarane kan bu trygt heime, delta i lokalsamfunnet og vere mobile og aktive lenge.

KS Rogaland arrangerte konferansen, i samarbeid med Aldersvennlig nettverk Rogaland, Statsforvaltaren i Rogaland og Senteret for eit aldersvennleg samfunn.

Biletet: Paneldebatt med deltakarane, frå venstre, Wenche Halsen, Senteret for et aldersvennlig Norge, statssekretær Ellen Rønning-Arnesen, Paul McGarry, Greater Manchester, Dave Thorley, Manchester, Jarle Bø, ordførar i Randaberg, og Anne Berit Rafoss, Senteret for et aldersvennlig Norge, som leiar samtalen om aldersvennleg utvikling.

Biletet: Paneldebatt med frå venstre Wenche Halsen, Senteret for et aldersvennlig Norge, statssekretær Ellen Rønning-Arnesen, Paul McGarry, Greater Manchester, Dave Thorley, Manchester, Jarle Bø, ordførar i Randaberg, og Anne Berit Rafoss, Senteret for et aldersvennlig Norge, som leiar samtalen om aldersvennleg utvikling.

 

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

Hva forsøkte du å finne?