|
Du er her: NYHETSARKIV > Skuleruta 2010/2011
Skuleruta 2010/2011
Skuleruta for 2010/2011 er no klar. - For det komande skuleåret har vi i stor grad fått til same planleggingsdager for skule, SFO og barnehage, seier skulesjef Jenny E. Nilssen.
Utarbeiding av skuleruta er delegert til skulane sine samarbeidsutval eller driftsstyret. Premissane for skuleruta er at skuleåret skal ligge innanfor ei ytre ramme på 45 samanhengande veker, og skal omfatte 38 skuleveker for elevane.
- Elevane sine arbeidsveker skal, so langt som mogeleg, leggast som heile veker. Skulestart for elevane er difor lagt til veke 33 i 2010, og skuleslutt til veke 25 i 2011. Siste skuledag før ferien er onsdag 23. juni, sier Tor Anfinsen, rådgjevar ved skulekontoret.
Utdanningsdirektoratet har enno ikkje fastsatt dei nasjonale eksamensdagane og dato for fellessensur for våren 2011.
Programmet Respekt
Alle skulane har to planleggingsdagar før skulestart i august 2010, og frå skulestart hausten 2010 deltar dei i programmet Respekt. Dette krev at dei fleste planleggings-dagane dette året blir nytta til arbeidet med dette.
- Planleggingsdagane blir gjennomført saman med Senter for atferdsforskning, noko som har vore avgjerande for når planleggingsdagane er lagt i skuleruta, seier Tor Anfinsen.
Dette året er også planleggingsdagane i SFO og barnehagane samanfallande med skulane sine planleggingsdagar, med unntak av ein dag.
Sist oppdatert av Ove Tennfjord,
04.02.2010
|