Randaberg kommune
 

Lytt til teksten

Toppmeny

 
Du er her: NYHETSARKIV > Politisk runde om tennishall, miljøfyrtårn og Ranso as


Politisk runde om tennishall, miljøfyrtårn og Ranso as

Både kommunalt tilskot til ny tennishall, sertifisering som Miljøfyrtårnkommune og samarbeid mellom kommune og Ranso as skal opp til politisk drøfting i neste veke.
Ranso
- RANSO AS: Framtidig samarbeid mellom kommunen og Ranso as/Jobbsentralen skal opp som sak i hovedutval for
oppvekst og levekår i neste veke. Hilde Harestad er ein av mange tilsette som har sitt arbeid i lokala på Randabergsletta. 
Eldrerådet
avvikler sitt møte mandag 8. mars kl 10 i møterom "Rygg" på kommunehuset. Seinare på dagen, kl 17, har råd for mennesker med nedsatt funksjonsevne sitt møte i kommunestyresalen. Begge råda handsamer verksemdsplaner i sine møter. Verksemdsplan er eit administrativt styringsverktøy som blant anna viser korleis tenesteområda gjennom-fører kommunestyret sine budsjettvedtak.
 
Ny tennishall og miljøfyrtårn
Formannskapet har møte tysdag 9. mars kl 18 i kommunestyresalen. Politikarane skal her røyste over rådmannen sitt forslag om å yte 300 000 kroner i kommunalt tilskot til oppføring av ny tennishall i kommunen. - Som gjenyting for tilskotet får Randaberg kommune disponere tennishallen fritt i eit nærare avgrensa timer, og i dei tidsromma tennisklubben ikkje nytter hallen sjølv, tilrår rådmannen i sitt saksframlegg. Les heile saken her.

Formannskapet skal også ta stilling til om Randaberg kommune skal bli Miljøfyrtårn-kommune. Miljøfyrtårn er ein sertifiseringsordning for både private og offentlege verk-semder. Ved å bli miljøfyrtårnbedrift får ein mellom anna tips om gode miljøtiltak som blir gjort i andre Miljøfyrtårnverksemder, tilrettelegging for klimarekneskap og klimahandlings-planer, samt rådgjeving og kurs. I Rogaland er ni kommunar sertifiserte Miljøfyrtårn-verksemder i dag. Les saken her.
 
Jobbsentralen
Hovedutval for oppvekst og nærmiljø (HOL) avvikler sitt møte 10. mars kl 18 i kommune-styresalen. Framtidig samarbeid mellom kommunen og Jobbsentralen/Ranso as skal mellom anna opp som sak her. Rådmannen har tidlegare mottatt eit tilbod frå Ranso as for brukarar som treng auka deltaking i dagleglivet, men - rådmannen kan ikkje sjå at tilbodet vil dekke behovet for personar som treng avklaring i høve til deltaking i ordinært yrkesliv, og som av den grunn treng eit tilbod av kortare lengd hjå Ranso as/Jobbsentralen, står det å lese i saksutgreiinga. Les saken her.
 
Interkommunalt samarbeid på levekårsområdet er også ein sak som skal opp, både i HOL, Eldrerådet og råd for mennesker med nedsatt funksjonsevne. I april i fjor vart det arrangert eit fellesmøte mellom levekårspolitikarar frå Sandnes, Sola, Randaberg og Stavanger kommune, for å utveksle erfaringar og sjå på felles utfordringer. Det blir no foreslått å etablere eit samarbeidsforum på administrativt nivå i dei fire kommunane, der moglege nye samarbeidstiltak kan drøftast og eventuelt utformast. Les saken her.

Legekontor i Raft-bygget
Hovedutval for nærmiljø og kultur (HNK) avvikler sitt møte torsdag 11. mars kl 18 i kommunestyresalen. Kun tre saker står på kartet til dette møtet, i tillegg til eventueltsaker som måtte dukke opp: Søknad om igangsettingstillatelse for utviding av legekontor i Randabergveien (Raft-bygget), reguleringsplan for Ryggveien 58 (privat detaljregulerings-plan) og verksemdsplan for Kultur.

Alle politiske sakene kan du lese her.




Sist oppdatert av Ove Tennfjord, 04.03.2010
 


RANDABERG KOMMUNE - Besøksadresse: Randabergveien 370. Postadresse: Postboks 40, 4096 Randaberg.

Nettstedskart