|
Du er her: NYHETSARKIV > Familiedag om byggeskikk på Vistnestunet
Familiedag om byggeskikk på Vistnestunet
Søndag 14. mars inviterer Randaberg kommune og Jærmuseet til stor familiedag om byggeskikk på Vistnestunet. - Her kan du sjølv få prøve deg på lafteteknikk og lære om grindbygg, seier formidlar Irene Østbø. Familiedagen startar kl. 12.
 |
|
- GRINDALØE: Langsida av grindaløa på Vistnestunet mot aust. I løa er det fjos, stall, hevdahus, vannnkum, do, låve og redskapshus under same tak. |
|
- På Vistnestunet finn vi varierte og spanande byggeteknikker som ikkje lenger er i bruk. Med grunnlag i kunnskap frå Jærmuseet, har vi laga ein aktivitetsdag der byggeskikk er tema, og vi fokuserer sjølvsagt på dei byggeskikkane ein finn på Vistnestunet sine bygninger, seier Irene Østbø.
Under aktivitetsdagen søndag vil garden vere open frå kl 12 til 16, dyra blir fora kl 14 medan aktivitetane er frå kl 12 til 15.
Det blir sal av mat og drikke frå kafè. Inngangspris er 100 kr for ein familie på fire, 30 kr for born og 50 kr for vaksne.
Sist oppdatert av Ove Tennfjord,
08.03.2010
|