Grøderøysa er frå bronsealderen, er 40 meter lang, 9 meter breid og 3 meter høg.
Kulturvern i Randaberg
Kulturvern omfatter Tungenes fyr, Vistnestunet og kultur- og fornminner i Randaberg.
Med kulturminner menes alle spor etter menneskelig virksomhet i vårt fysiske miljø, herunder lokaliteter det knytter seg historiske hendelser, tro eller tradisjon til. Slike minner er automatisk fredet etter kulturminneloven.
Kulturlandskapet som historiebok
Kulturminne er alle spor etter menneska gjennom tidene. Fornminnene er dei kulturminna som er eldre enn reformasjonen (år 1537). Dei er automatisk freda ved kulturminneloven, nyare kulturminne kan fredast etter særskilt vedtak. Når slike einskilde kulturminne inngår i ein større samanheng og heilskap med andre kulturminne i landskapet snakkar vi om eit kulturmiljø. I Rogaland er to slike kulturmijø freda etter kulturminneloven; Utstein kloster i Rennesøy kommune og Sogndalsstrand i Sokndal kommune.
Kulturlandskapsarter
På same vis vil planter, dyr og insekter i kulturlandskapet, såkalla kulturlandskapsartar og kulturmarkstypar, kunne seie mykje om korleis jordbruksdrifta har vore opp til i dag.
Artar som røsslyng i lyngheia, vipe og spove i opent lende, humleartar langs steingardar, sumarfuglar på gamal slåttemark, eller dei mange spesielle sopp-artane knytt til ugjødsla beitemark - alle representerer dei eit rikt biologisk mangfald som gjennom tidene har tilpassa seg eit liv i kulturlandskapet. Mange av dei er avhengig av at den tradisjonelle bruken vert helden ved like. Nokre er svært sjeldne og står i fare for utrydding når den tradisjonelle bruken endrar seg.
Sjå oversikt over skilta fornminner i Randaberg.