Illustrasjon. (Foto Aud Jorunn Aano: Rogalands Avis)
Treng du lesetips? No er biblioteket sitt bokprat-program for våren 2012 klart.
Bokpraten er onsdagar i lokala til biblioteket, med unntak av bokpraten 1. februar.
Programmet ser slik ut:
- 1. februar kl. 17:30: Per Henning Uppstad og Kjell Inge Torgersen: Or (n.) ei bok for deg som saknar ord. (Små Øyeblikk kaffebar) Les meir under.
- 15. februar kl. 17:30: Alf-Helge Mitchell: Kongo
- 29. februar kl. 17:30: Aud Jorunn Aano: Paul Auster
- 14. mars kl. 17:30: Tomas Kinck Wold: Trymskvida
- 28. mars kl. 17:30: Eirik Gurandsrud: Rockebiografier
Or (n) - ei bok for deg som ikkje finn ord
Først ut i bokpraten er Per Henning Uppstad og Kjell Inge Torgersen, som presenterer si nye bok "Or (n) - ei bok for deg som ikkje finn ord" på Små Øyeblikk kaffebar onsdag 1. februar kl. 17:30. Ein smakebit:
Språk er viktig.
Resirkulering er nesten viktigare.
Så må resirkulert språk vera noko av det viktigaste av alt ein kan bruke tid på.
... Med Or får du endeleg ord for alle dei opplevingane, dei kjenslene og dei tinga som du elles må bruke svært lang tid på å forklare. Og kanskje ikkje greier å forklare. Som i "Noen har sittet på dassen min — og den er fortsatt lunken."
Orda (orsak, ora) du her får, finst likevel allereie! Dei støvar ned i utmarka og døyr ut med gamle folk. Dei heng på skilt, peikande til unnselege, små og større stader, eller dei sirkulerer på folkemunne. Frå folkemunn til folkemunn.
Med dette kastar me dei inn i språket att i eit gigantisk redningsprosjekt. Bort med støv! Alle fortener ein ny sjanse! Og det lover me deg: dei kjem til å gjøre mykje meir nytte for seg enn alle slags valium-ord som synergi, funksjon og prosess.
Gjæslingan (m., fleirtal)
Naboen sine ungar.
Vikna, Nord-Trøndelag
Gnuldreheii (f.)
Stad i salme kor melodien går så høgt eller lågt at ein plutselig må bytta oktav for å følgje han.
Bygland, Aust-Agder
Groos (m.)
Småfedme som til forveksling liknar det å vere veltrena, men som berre er vegen til verkeleg fedme.
Grimstad, Aust-Agder
Uppstad/Torgersen