Gå til sidemenyen

Randaberg kommune

Sammen skaper vi den grønne landsbyen
Ny velferdsteknologi vart testa ut i Randaberg torsdag.

Ny velferdsteknologi vart testa ut i Randaberg torsdag.

Digital velferd med VideoForAlle

Utviklingsprosjektet VideoForAlle, utvikla i eit samarbeid mellom Norsk Telemedisin AS, Lyse Energi FoU i Stavanger og Westcontrol på Tau, vart torsdag testa i Randaberg for aller første gang.

Sjå fleire bilete herVideoForAlle er ein kombinasjon av videokonferanse, heimemonitorering og sosial kommunikasjons-teknologi, som gjer det enkelt for alle å prate med familie, vener og andre på tv-skjermen heime.

Dei første eksemplara av boksen VideoForAlle vart torsdag testa i Randaberg. Via fjernsynsskjermen samtala testbrukar Gudrun Moe om "sine plager" direkte med sjukepleiar Ragnhild Goa i Randaberg kommune. Medan Gudrun sat i stua i Ryggjatunveien i Randaberg sentrum, sat Ragnhild i lokala til heimesjukepleien på Vardheim. (På biletet over er Gudrun saman med Arild Stapnes Johnsen frå Norsk Telemedisin - Klikk på biletet for å sjå fleire bilete via Flickr).

VideoForAlle er designa av Halogen i samarbeid med Hareide Design. Elektronikk og software er utvikla av Electrocompaniet.

"Askeladden-historie"
Dataingeniør Arild Stapnes Johnsen, dagleg leiar i Norsk Telemedisin AS Egersund, er initiativtakar og prosjektleiar for VideoForAlle.

- Korleis starta det heile?

- Som bakgrunn er eg dataingeniør. Ein kjenning av meg, ein lege, hadde bruksretten i Noreg på ein svensk videoteknologi for medisinsk bruk. Legen og eg starta eit firma saman, der vi gjekk igang med å skulle utvikle teknologien ytterlegare i Noreg. I eit møte eg hadde med Gunnar Crawford og Dagfinn Wåge frå Lyse si  innovasjonsavdeling, var planen å selge inn den svenske teknologien til dei. Saman fant vi etterkvart ut at dette kunne vi lage sjølv, med enno betre kvalitet.

- Frå vi sa at vi skulle lage dette sjølv og til i dag har det gått tre år. Og her står vi i dag, med eska og boksen. Eigentleg har det blitt ei lita Askeladden-historie ut av alt dette her, seier Arild Stapnes Johnsen. 

VideoForAlle skal no testast ut vidare i kommunane Sandnes, Suldal, Stavanger og Randaberg