Gå til sidemenyen

Randaberg kommune

Sammen skaper vi den grønne landsbyen
Her blir det liv! Varen Randaberg kulturscene (i midten) saman med nye Harestad skule, fotografert 7. juni i år.

Her blir det liv! Varen Randaberg kulturscene (i midten) saman med nye Harestad skule, fotografert 7. juni i år.

Billettsal for åpningskonsert

Fredag kl. 9 startar billettsalet til åpningskonserten for Randaberg kulturscene 1. september.

Program

Kl. 18.00: Utandørs konsert og forestilling. Gratis.

Kl. 19.00: Åpningsforestilling inne på sjølve Varen kulturscene. Produsent Aril Schøld har satt saman ei festforestilling med alt det beste kulturlivet i Randaberg har å by på. Billett.

Kl. 21.30: Etterfest med Lindstrøm. Billett.

Billettar for dei to siste forestillingane kan kjøpast frå fredag 16. juni kl. 09.00.

- Hvis du ynskjer billett til åpningskonserten for Varen Randaberg kulturscene 1. september, er det lurt å vere tidleg ute. Det er avgrensa tal på plassar. Dei som ynskjer seg ein billett, blir difor oppmoda til å vere klar fredag morgon kl. 9, seier Ellen Marie Steen Innvær, kulturkonsulent i Randaberg kommune.

Utandørs er gratis
Vi minner om at vi denne dagen også har ei spektakulær og særdeles kreativ forestilling utandørs frå kl. 18, som er gratis og åpen for alle.

- Forestillinga ute er absolutt verd å få med seg. Elles er det  mogeleg å skaffe seg billettar til etterfesten, der Randaberg si verdsstjerne, Lindstrøm, spelar for dei som ynskjer å feire utover kvelden, avsluttar Ellen Marie Steen Innvær.