Gå til sidemenyen

Randaberg kommune

Sammen skaper vi den grønne landsbyen
"Vitenlandskapet", illustrasjon: Rørbæk og Møller Arktitekter APS, København.

"Vitenlandskapet", illustrasjon: Rørbæk og Møller Arktitekter APS, København.

"Vitenlandskapet" blir maritimt vitensenter

"Vitenlandskapet" er vinnar i arkitektkonkurransen for det maritime vitensenteret i Tungevågen. Prosjektet er utvikla av Rørbæk og Møller Arkitekter APS frå København i Danmark.

Jury
Dei innleverte utkasta er kåra av ein jury samansett slik:
Bjørn Kahrs, ordførar og leiar av juryen
Terje Andreassen, avdelingsleiar i Kystverket Vest
Eirik Gurandsrud, avdelingsleiar i Jærmuseet
Alma Elisabeth Oftedal, sivilarkitekt og MNAL-representant frå Norske arkitekters landsforbund (NAL)
Niels Marius Askim, sivilarkitekt og MNAL-representant frå Norske arkitekters landsforbund (NAL)
Fride Solbakken, Maritimt forum
Eivind Helland, Blue Planet
Juryens sekretær har vore sivilarkitekt Gisle Nataas frå Norske arkitekters landsforbund (NAL).

Offentliggjeringa av vinnaren i den åpne plan- og designkonkurransen skjedde i Sjøbruksmuseet i Tungevågen torsdag.

Til konkurransen var det kome inn 137 forslag, og juryen har halde seg til desse kriteria i si vurdering:

  • Arkitektonisk uttrykk i høve til landskap og eksisterande bygningar
  • Det skal vere eit signalbygg som gjenspegler innhaldet, med eit maritimt preg. Og når bygget blir sett frå sjøsida, skal det skape interesse.
  • Effektiv utnytting av areal.
  • Realistsisk økonomi.
  • Materialbruk.
  • Miljøvennlege og teknisk realistsiske løysingar som reduserer bygget sin ressursbruk og klimabelastning.
  • Universelt utforma.

"Vitenlandskapet" klar vinnar
Etter fleire jurymøter og gjennomganger av dei innsendte forslaga, valde juryen "Vitenlandskapet" og Rørbæk og Møller Arkitekter som ein klar vinnar av konkurransen. Les meir om firmaet på deira eiga heimeside.

- Vitenlandskapet svarer godt på alle konkurransen sine målsettingar. Forslaget har gode, funksjonelle og robuste planløysingar. Vitenlandskapet er eit sterkt signalbygg, samstundes som det tilpassar seg til landskapet med grøne element integrert i bygningen sin arkitektur, skriv juryen i si avgjerd.

Rørbæk og Møller Arkitekter, DanmarkBiletet til høgre: Glade vinnarar frå Rørbæk og Møller Arkitekter APS i København kunne torsdag motta førstepremien i konkurransen og ein sjekk på 450.000 kroner.  

Her er dei premierte:
1. premie, 450.000 kroner:
"Vitenlandskapet", Rørbæk og Møller Arkitekter, Danmark.
http://www.maritimtvitensenter.no/arkitekt-bidrag/114-vitenlandskapet

Innkjøp, 100.000 kroner:
"De seks holme", Arkitektvirksomheten – CRN, Danmark
http://www.maritimtvitensenter.no/arkitekt-bidrag/110-de-seks-holme

Innkjøp, 100.000 kroner:
"Livdakrå",  Espen Surnevik/Ådne Trodahl :
http://www.maritimtvitensenter.no/arkitekt-bidrag/010-livdakra                                                                                                                    

Innkjøp, 100.000 kroner:
"Vidsyn", Asplan Viak AS
http://www.maritimtvitensenter.no/arkitekt-bidrag/028-vidsyn

Hederlig omtale:
"Triangel", Via Estudio, Spania
http://www.maritimtvitensenter.no/arkitekt-bidrag/103-triangel

Samarbeid
Samarbeidspartnarar i prosjektet er Kystverket, Kystverkmusea, Blue Planet og Maritimt forum. Forprosjektet er støtta av Rogaland fylkeskommune. Planlagt byggestart for vitensenteret er 2018, og ein vonar at det skal stå ferdig i 2020.

Gå inn her for meir informasjon om konkurransen og for å sjå alle dei 137 bidraga.